Håndverkstradisjonen er sterk i Morgedal

Skimaking og lafting har lenge vore næring i bygda.

Det var på tide å gjere næring av mattradisjonane og. I 2001 satsa tri jentur i Morgedal alt på eit sprøtt konsept. Me starta opp me eit ynskje om å få fram den gamle smaken av eit tradisjonelt flatbrød frå Telemark. Sjølv med meir moderne teknikk er stemninga i bakstestoga framleis magisk.

Gjennom mange generasjonar har folk late seg «fange inn» av lukta, varmen, lyden av kjevla som rullar att og fram over leivane, og håpet om ei lita smaksprøve. Det skapar bilete og fører tankane bakover i tida.

I 2002 mottok Skreppa AS Bygdeutviklingsprisen for nyskaping i Telemark, frå Innovasjon Norge.

I 2010 mottok Skreppa AS Spesialitetsmerket på heimbaka flatbrød frå Morgedal.

I 2013 mottok Skreppa AS lokalmatprisen 2013 Telemark.

I 2001 satsa tri jentur i Morgedal alt på eit sprøtt konsept.