• Produkter frå Skreppa

Skreppa sin spesialitet er heimebaka flatbrød.

Flatbrød (Morgedalsbrau), grovt mjøl og godt smør gjer Morgedalsbrauet særs velsmakande. Flatbrødet er laga etter gamal oppskrift og steikt på takke.

Flatbrød har sin faste plass på alle middagsbord og er den eldste formen for brød i Telemark.
Det har vore akta og æra i mange hundre år.
Kvar vår og haust vart det baka store stablar med flatbrød som vart lagra på stabburet. Ei husmor med respekt for seg sjølv, kunne ikkje vera forutan flatbrød.
Ofte var det bakstekjerringar som drog frå gard til gard og baka. Det var litt av ein sjau å ha desse kjerringane på garden.
Mannfolka måtte skaffe spesialved, helst tørr granved som var kløyvd i små skier slik at den passa i kjeleringen.

Produkt med unik smak

Flatbrødet frå Skeppa er tildela SPESIALITET merket frå Matmerk

Flatbrød 250g
Grov sammalt kveite, vatn, Kviteseidsmør, fløte, salt og sukker.

Flatbrød er framifrå til ekstra kos attmed

  • rakfisk
  • ost av ymse slag – og god vin
  • dip av ulike variantar
  • makrell i tomat, gjerne salsa
  • Kviteseidsmør og saltpølse
  • flatbrødsoll med banan og syltetøy – sur eller søt mjølk
  • spekemat og rømme
  • graut
  • alle typer middagsmat

PRØV også Skreppa sitt flatbrød

  • til Blåmuggost med valnøtter, feske fiken og jordbær
  • til grava elgkjøtt med tyttebærrømme smaka til med raspa ekte geitost og litt akevitt.

Flatbrød har hatt ei sterk stilling i norsk kosthald. Det er vårt nasjonalbrød. Heilt opp til vår tid var det flatbrød ein meinte når ein sa brød.

Flatbrød er eit ugjæra og usyrna brød som bakast ut til tynne leivar. Flatbrød kan halde seg i årevis, betre enn sjølve mjølet. Fyrste gongen flatbrød dukka opp i litteraturen er i ei inntektsbok frå Bergenshus slott og len i 1519, der dei får 14 tønner flatbrød frå Sunnhordland. Gjeng me litt fram i tid får me den fyrste beskrivelsen av flatbrød i Norden. Kilda er Historien om de Nordiske Folkene av Olaus Magnus utgjeve i 1555. Han bruka ikkje ordet flatbrød, men det er ingen tvil om at det er flatbrød som omtalast. Brød som blir bakt ved et barns fødsel, kan holde seg bra uten å mugne til barnets forlovelse påstår han.

Flatbrød har gjennom tidene blitt baka av ulike typer mjøl, også iblanda ertar, bønner og seinare tider med poteter. Frå gamalt av vart flatbrødet baka ut tjukkare enn me er vane med i dag. Det var bare til helgedags og gjestebod at flatbrødet skulle vera tynt.

Godt handlag og mykje øving må til for å beherske kunsten å laga godt flatbrød. Over heile landet var det eit krav til unge jenter at dei måtte lære seg å bake flatbrød dersom dei tenkte på å bli gift.

Sjølv om dei aller fleste kvinnene i prinsippet kunne bake sjølv, vart det vanleg at meir profesjonelle bakstekoner reiste rundt og baka. Enkelte bakstekoner var spesielt ettertrakta og desse måtte ein stelle godt med.

Det var mykje moro i bakstetida. Ungane fekk smake på baksten og høyre historiar og viser. Om kvelden var det ungdommen som trakk mot bakstehuset. Dei vart nyskjerrige på framtida si, og kom for å lage seg drøymekaker. Den siste deigklumpen vart salta dugeleg og kjevla ut litt tjukk til drøymekaker. Desse vart ete og saltet saltet skulle virke slik at ein drøymde myjkje. I draumen ville den ein skulle gifte seg med kome med øl eller ein dram til drikke.

Flatbrød til nistebruk vart bretta på ulike vis medan det endå var litt mjukt på takka. Skreppebrød vart bretta så det passa godt til skreppa.

Heilt fram til 1830 var tallerkenar fråverande på kvardagsbordet. Det var flatbrødet som vart nytta som tallerk. Det var fyrst og fremst kjøtt, flesk og fisk som vart dela ut på ein samanbretta flatbrødleiv til kvar og ein. Dei åt dette som me et pizza i dag.

Kjelde: Gudrun Ulltveit: Korn og baketradisjonar.

Flatbrød kan brukast til all slags middagsmat i dag. Andre bruksområder – sjå idear under bruk av flatbrødet.

Tyttebærrømme

Smakar utmerket saman med spekemat, grava og grilla kjøtt, ost, vaflar og som dressing.

Tyttebærrømme
Rømme, tyttebær, sukker.

Passar godt på flatbrød.
Smakar også utmerket til kjøtt, ost, vaflar og dessert.

Kling – Lefse

Skreppa er ein av produsentane i Bakstelauget.

Klingen frå Bakstelauget er ferdig smurt med meierismør og sukker.

Kling er det tradisjon å nyte til alle høgtider, kvardag og fest. Anten til fisk og gomme, kaffe og te, eller med eit stort glas mjølk ved sida.

© 2024 Skreppa AS